OL-gull til Maren Hjelmeset Kirkeeide på sprinten!
Postet av Markane IL den 14. Feb 2026

Maren Hjelmeset Kirkeeide skaut to fulle hus og gjekk ein forrykande siste runde og gjekk med det inn til sitt første OL-gull!! Vi gratulerer!
Etter at OL start eit par bom på siste skyting og ein 4.plass i blanda stafett og endå litt fleire bom og 49.plass på normalen, så var Maren tilbake i storform.
Det starta med fullt hus på første liggjande og med god fart i sporet var ho på 9.plass utpå andre runden. Dermed kom ho inn til ståande skyting med medalje i siktet. Også på ståande skyting datt alle fem blinkane ned. Utpå siste runden låg ho på andreplass 9.2 sekund etter franske Oceane Michelon og åtte sekund før Suvi Minkkinen frå Finland.
Maren gjekk som vanleg ein rå sisterunde og avstanden opp til leiaren vart mindre og mindre. 500 meter før mål var ho 1 sekund bak. Innpå oppløpet gjekk ho i suveren fart og slo Oceane Michelon med 3,8 sekund og sikra seg sitt første OL-gull!
Sølvet gjekk til franske Michelon og bronsen til franske Lou Jeanmonnot 23,7 sekund bak.
Vi gratulerer Maren Hjelmeset Kirkeeide med OL-gull!
Resultatliste frå cuprenn nr 4 fri teknikk med fellesstart 10.02.2026
Postet av Markane IL den 12. Feb 2026

Tysdag 10.februar 2026 var det klart for cuprenn i fri teknikk på Ullsheim. Rennet gjekk som fellesstart for klassene frå 11 år og oppover. Det var god deltaking og god stemning på Ullsheim under det fjerde av i alt sju cuprenn.
Her er resultatliste frå cuprenn nr 4
Resultatliste frå cuprenn nr 4 i fri teknikk fellesstart. Dato 10.02.2026
Resultatliste frå sesongens tredje cuprenn tysdag 27.januar 2026
Postet av Markane IL den 27. Jan 2026

Sesongens tredje cuprenn gjekk i klassisk stil. Her er resultatlista
NM-sølv til Markane-trio i stafett K17-K21
Postet av Markane IL den 26. Jan 2026

Sogn og Fjordane tok sølv i under NM i stafett i klasse K17-21 med tre markaneløparar på laget. På laget gjekk Mari Sofi Meland, Oddrun Hjelmeset Kirkeeide og Elina Østerbø. (Foto: Nordfjord Team Tussa)
NM-gullet gjekk til Oppland lag 1 som var 37 sekund føre Sogn og Fjordane i mål. På tredjeplass kom Buskerud lag 1 som var 51 sekund etter vinnarlaget.
Vi gratulerer med NM-sølv!
SAMAN FOR EIN REIN IDRETT TORSDAG 29.JANUAR
Postet av Markane IL den 14. Jan 2026

I samarbeid med Antidoping Norge vert det invitert til føredrag på Stryn vidaregåande skule tosdag 29.januar kl.1700 om korleis ein saman byggjer eit reint treningsmiljø. Vi oppmodar alle aktive frå 15 år og oppover samt foreldre, trenarar med fleire frå Markane IL om å melde seg på
Link: Påmelding til foredrag
Vel møtt!